Eidsdal
Om oss
Attraksjoner og aktiviteter
Bildegalleri
Næringsliv og overnatting
Lenker
Kontaktinfo
EIDSDAL - vakker heile året
Næringsliv og overnatting

 

Eidsdal har tradisjonelt vore - og er framleis - ei landbruksbygd, med stor spennvidde i både produksjonsformer og storleik på bruka. Melkeproduksjon er framleis dominerande - med produksjon av mjølk frå ku og geit. Dei seinare åra har turisme blitt stadig viktigare som næringsveg.

I tidligare år hadde bygda mange fabrikkar, alt frå møbelfabrikkar (vi er jo på Sunnmøre…), skjortefabrikk til skifabrikk, men no er dei anten lagt ned eller flytta ut av bygda.

Når det gjeld overnatting, kan Eidsdal - saman med bygdene omkring - tilby overnatting som spenner frå det mest komfortable til det meir enkle. Sjå til dømes linkane nedanfor for overnatting
 

  • Ytterdal Camping i Eidsdal
  • Petrines Gjestgiveri i Norddal
  • Union Hotell i Geiranger.

    Blant andre bedrifter, er det verd å nemne:
  • Coop Eidsdal - matbutikk med posttenester. Butikken ligg ved ferjekaia.
  • Th. Ytterdal - landhandel med alt frå mjølk til "snurrepiperier". Landhandelen ligg ved ferjekaia. I tillegg har Th. Ytterdal ein innhaldsrik souvernirbutikk som ligg vegg-i-vegg med Coop.
  • Sparebanken Møre - bankfilial ved ferjekaia. Open måndag, onsdag og fredag.
  • Sjøkanten Mat & Vinhus - spisested på ferjekaia. Tek også bussgrupper.
  • Handverkshuset - spanande sted som opna i 2005. Brukskunstnarar frå heile området har salsutstilling her. Kafé. Tek bussgrupper.
  • Indreeide Mek. Verkstad - bilverkstad med spesialitet på lakk og karosseri.
  • Storfjord Rørservice AS - bygda sin rørleggjar.

 



EidsdalOm ossAttraksjoner og aktiviteterBildegalleriNæringsliv og overnattingLenkerKontaktinfo